"Hen" er som kjent teke inn in rettskrivingsnormane for bokmål og nynorsk som eit kjønnsnøytralt pronomen som kan nyttast i staden for "han" og "ho". Tanken er at dette skal vere eit elegant alternativ til den stundom kronglete formuleringa "han eller ho" når ein snakkar om ein person med ukjent kjønn. "Hen" kan også nyttast om personar med ikkje-binær eller annan fiktiv kjønnsidentitet.
Språkrådet opplyser likevel om at bruk av "hen" om ein bestemt person må gjerast med varsemd. Ikkje alle sokalla ikkje-binære ønskjer å omtalast som "hen". Personleg føretrekk eg å ikkje verte omtala som "hen" uansett om det er i ein tekst som generelt omtalar ein ukjend person som kan vere meg. Dersom innhaldet vedkjem meg, vil eg omtalast som vedkomande, takk. Sidan det handlar om personlege kjensler, og terrenget uansett må sonderast, har eg funne på ei løysing som fungerer for meg.
Eg har laga ein nettlesarutviding som bytar ut "hen" med "han/hun". Programmet er smart nok til å kunne skilje mellom "hen" som pronomen og "hen" med tydinga "bort". Det nytter også rett bøying. Utvidinga kan du få til Chrome og Firefox. Kjeldekoda finn du på Github. Falske positivar/negativar og feil kan forekome. Send meg gjerne tilbakemelding dersom det hender.
Dersom du er ein flittig brukar av "hen" som pronomen, skal du vite at eg gjer dette for di skuld, ikkje mi. Når eg ser nokon bruke ordet "hen" som eit kjønnsnøytralt pronomen, kan eg ikkje hjelpe for det; eg tenker at denne personen er ein tosk. Ein utenkjande arbeiderparti-kyrkje-lærar-type som godtek kva som helst, so lenge ein norsk etat har stilt seg bak det. Det er jo ikkje rettferdig. Det kan godt hende personen er skikkelig triveleg, til tross for at han eller ho skriv "hen".
Send meg gjerne ein e-post dersom du vil gje meg tilbakemelding, eller berre sutre og klage litt.