Etter fjorten år som vantru heidning valte eg sundag som var å melde meg inn att i den norske kyrkja, der eg var døypt som spedbarn. Ikkje himle med augo, for eg har nemleg ei forklaring som du sannsynlegvis ikkje har høyrt før.
Sidan eg no på papiret er kristen, lyt eg vel fyrst seie at eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord og so vidare. Men eg trur og meiner ogso at det er alle gode menn si plikt å late vere å betale skatt når enn dei kan. Her kjem eg til poenget.
Dersom du er som meg, er du heller lite interessert i å finansiere alle moglege religiøse organisasjonar over skattesetelen. Det er det staten gjer, og dei held fram med det trass i at trussamfunna ikkje oppfyller staten sine gudlause, kommunistiske krav om kjønnsleg likestilling i styreorgana.
Det er nemleg slik at i Lov om tros- og livssynssamfunn § 5.Krav om og tildeling av tilskudd står det at «Registrerte tros- og livssynssamfunn kan kreve tilskudd fra staten.» Vidare står det at «Satsen for tilskudd per medlem skal om lag svare til statens og kommunenes tilskudd til Den norske kirke per medlem.» Lat oss uttrykke dette matematisk:
Det vil seie at di fleire som melder seg ut av den norske kyrkja, di meir pengar vil andre trussamfunn få. Medlemstalet i den norske kyrkja søkk stadig. Likevel vil ho alltid ha minst ein medlem; kongen. Han er nemleg lovpålagt å vere medlem. Det vil seie at i aller verste fall vil reknestykket sjå slik ut:
Om utviklinga held fram vil alle framtidas trussamfunn få like mykje i tilskot som den norske kyrkja… per person! Det er sjølvsagt ikkje haldbart. Korleis kan vi hindre dette?
Det finst ikkje noko maksimalt medlemstal for den norske kyrkja. Noreg er eit relativt lite land, men det er slett ikkje umogleg at grensene kan utvidast i framtida. Dersom Noreg kjem seg frampå og koloniserer det ytre rom kan vårt rike omfatte mange planetar. Vi kan seie at medlemstalet til den norske kyrkja kan gå mot uendeleg. Vi finn no grenseverdien for tilskot til andre trussamfunn:
Gode nyheiter for dei som ønskjer lågare skattenivå. Di fleire medlemmar i den norske kyrkja, di mindre stønad til resterande trussamfunn. Eg hevdar at det er med dette matematisk bevist at det er best for alle skattebetalarar om flest mogleg melder seg inn i den norske kyrkja. Vonar at eg ser uendeleg mange av dykk i kyrkja neste sundag.